Sjokoladesuffle’ med bringebær-trollkrem

Vi prøvde oss på en ny dessert idag. Til desse kan du bruke små runde ildfaste former eller store muffins former. Her er oppskrifta:

1 plate plamil melkefri kokesjokolade

50 g sukker

4 egg

Ei lita klype salt

Melisdryss

Smør fire former med litt olje, og dryss i litt sukker i botnen og kantane av formene. Del sjokoladen i bitar og smelt den i vannbad. Knekk egga og skil plomme og kvite. Rør saman smelta sjokolade, sukker og eggeplommer. Pisk eggekvitene stive saman med litt salt og bland dette i sjokoladerøra med ein slikkepott. Ha røra i formene og steik på nederste rille i ovnen på 200℃ i 12-15 min.

Server suffléen varm 🙂

Til trollkremen treng du:

1 eggekvite

1/2 ts vaniljesukker

75 g sukker

Litt bringebærsylte

Pisk eggekviten, sukker og vaniljesukker til eit tjukt skum, bland i bringebærsylte og server saman med den varme sjokoladesuffléen.

1393079532279

Smakfull Eggeomelett

For å få til ein ekstra god smak på omeletten brukar vi å lage den med alpro soya matfløte.

IMAG1211

Eller alpro soya rismelk

IMAG1207

Bland samman:

5 egg.

Ca 2 ss soya matfløte.

1-2 ss vatn eller alpro soya rismelk.

Litt løk, purre, paprika, squash, mais, blomkål, brokkoli (og akkurat dei grønsaker du vil).

Salt og peppar og det krydderet du vil.

Steik i steikepanna på middels varme og øk varmen etterkvart.

Server eggeomeletten med nysteikt eltefritt brød, ruccola salat og ein god melkefri dressing.

 

Oppskrift på melkefri dressing:

Ca 4 ss Sour supreme melkefri rømme

IMAG1210

 

1 ts majones.

Purreløk.

1 halvt fedd kvitløk.

Valgfritt krydder som er melkefritt ( husk å lese innholdslista på krydderet) 

Havregrøt med rismelk

Jentene her er kjempe glad i havregrøt, og vil gjerne ha det både til frukost, lunsj, middag eller kveldsmat. Vi lagar vår havregrøt med rismelk og vatn. Her er oppskrifta:

2,5 dl vatn.

2,5 dl rismelk.

Ca 2 dl havregryn.

Litt linfrø.

Litt salt.

Ca 1,5 ts olivenolje.

IMAG1216

Vi synes grøten blir best om dette får stå å trekke ei stund før vi kokar havregrøten. Kan gjerne lage det til om kvelden og la den stå i kjøleskapet over natta, og koke opp til frukost neste dag.

IMAG1215

Start med å koke forsiktig opp på svak varme og øk temperaturen etter kvart. Spe på med rismelk eller havregryn til ønska konsistens. Kok på sterkare varme medan du rører godt nokon få minutt til slutt. Server med melkefritt smør, rosiner, sukker og kanel 😉

IMAG1218

IMAG1221

For en ny og spennende smak, prøv å ha i nyrørt blåbærsyltetøy på toppen 😉

IMAG1222

Nøttebrød

Her i huset har eltefrie brød blitt ein stor favoritt, og sidan heimebaka brød smakar bedre og er sunnare enn kjøpebrød på butikken, bakar vi for det meste sjølve. Eltefrie brød er utruleg enkelt og lettvint, ikkje minst smakar det veldig godt med ferske brød nesten kvar dag. Prøv, eg er sikker på at du også blir hekta 😉

Idag prøvde eg ei ny sjølvlaga brødoppskrift, selvfølgelig melkefri.

Her er oppskrifta på mine brød med hasselnøtter og mandlar:

Ca 60 g hakka hasselnøtter og mandlar.

40 g kruskakli

150 g fibra fullkorns kveitemjøl.

350 g kveitemjøl.

1/4 ts salt.

1/4 ts tørrgjær.

2 dl rismelk lunka.

2 dl vatn lunka, eller 4 dl lunka vatn.

Bland alt samman og tilsett rismelka og vatnet, rør inn til klissete deig og sett til heving over natta, ca 13 timar. Skrap ut deiga på et bakepapir med kveitemjøl, ha mjøl på slik at deiga ikkje er så klissete. Brett / vend deiga og legg den med bretten ned i ei vanlig brødform , hev den i ca 2 timar under kjøkkenhåndkle. Steik brødet på 220-225 ℃ i 30 min på nederste rille i stekeovnen.  Avkjøl før du skjer opp brødet.

IMAG1214

Melkefri sjokoladekake

Verdens beste sjokoladekake 🙂

Finn ein mellomstor kopp i kjøkkenskapet og bruk den som målereidskap i oppskrifta. Vi brukar ein kopp som tilsvarer ca 1,5 dl

4 egg + 3 koppar sukker -> lag eggedosis.

225 melkefri margarin (eller Soft spesial smør) -> smelt

1 1/2 kopp rismelk -> ha i det smelta smøret og avkjøl dette til fingervarmt

2 ts bakepulver, 3 ss bakekakao, 4 koppar kveitemjøl -> bland saman og ha i røra

 

Ha deiga i ei langpanne med bakepapir og steik på 180℃ i 25 min.

Glasur:

100 g melkefri margarin      -> smelt og rør saman ilag med                   1

1/2 ss kakao.

2 ts vaniljesukker                                                      ‘

4-5 ss kaffi.

300 g melis.

Bland alt samman og rør inn den smelta margarinen. Smør glasuren på kaka medan den fortsatt er varm.

Kanelkake

3 egg.

2 dl sukker.

2,5 dl kveitemjøl.

2 ts bakepulver.

1 ss kanel.

100 g Soft flora spesial smør                                 (eller margarin uten salt og melk)                        

1 dl vatn       

Pisk egg og sukker til nesten kvit eggedosis. Sikt inn mjøl, bakepulver og kanel og rør det forsiktig inn i eggedosisen. Kok opp smøret/margarin og vatn og hell dette varmt opp i røren. Steik i smurt form 20-22 cm på 175℃ -> 35-45 min på nederste rille.

Server med melisglassur på toppen 😉

Grove vaffler

I denne oppskrifta kan du bruke akkurat det grove mjølet du vil 😉

3 dl sammalt hvete/grovt speltmjøl.

3 dl dl fint speltmjøl/kveitemjøl.

2 dl havregryn.

1/2 ts salt.

2 ts vaniljesukker

6 dl rismelk.

4 egg

2 ss smelta Soft flora spesial smør

Bland samman mjøl og salt, tilsett halvparten av rismelka . Rør godt til klumpfri røre, før du tilsett resten av melka og egga. La røra stå å svelle minimum 30 min før du steiker.

Du kan også lage røra om kvelden og sette den i kjøleskapet over natta, å steike til frokost eller lunsj neste dag. Held seg i kjøleskapet 2-3 dagar.

Nydelig med nyrørt jordbærsylte på

Melkefrie produkt vi brukar

IMAG1207

Alpro soya rismelk er ny i alpro soya-serien. Denne har ein tjukkare konsistens enn dei andre type rismelk vi brukar. Egnar seg godt til både matlaging og baking, og er super til grøt!

IMAG1208

Soft flora spesial er eit smør som smakar godt på brødskiva. Egnar seg godt til baking fordi smøret er mjukt og fungerer fint til matlaging.

IMAG1209

Rice dream rismelk er favoritt rismelka her i hus. Den smakar godt i og er fantastisk å bruke til baking. Fungerer flott til matlaging! Desverre ser det ut som den er på vei ut av butikkane, fordi den har våre vanskelig å få tak i sidan før jul.  Vi håpar den fortsatt blir i butikkane!

IMAG1211

Alpro soya matfløte er omtrent i dagleg bruk her. Den er fantastisk til middagslaging og fungerer supert til ulike sauser.

IMAG1210

Sour supreme er ei melkefri rømme. Smaksmessig åleine er den ikkje så veldig god. Men fungerer fint til ulike typer dip. Blandar du inn litt majones ilag med rømma og krydderet smakar den godt. Kan også brukast til dressing.

IMAG1212

Alpro airy & creamy er mors favoritt her i huset! Etter omtrent 3 år utan å lykkast på melkefri kremfløte, er denne fantastisk! Bruk den på samme måte som kremfløte med melk i. Veldig god til dessert.

Melkefri risgrøt

IMAG1287

Bruk vanleg risgrøt ( ikkje ferdigpose)

Mål opp ønsket mengde, ha i pannen og tilsett 1 ss sukker og 2 ts vaniljesukker og litt salt. Ha i alpro soya rismelk. Ha i litt mindre mengde enn det står på grøtrispakken med melk i starten, og spe på meir etterkvart som grøten kokar. Rør i jamnleg og kok grøten i angitt koketid.

IMAG1207

Server fersk melkefri risgrøt med kanel, sukker, rosiner og melkefritt soft flora spesial smør.

IMAG1208

 

IMAG1291

Eltefrie rundstykker

Sett bakebollen på kjøkkenvekta og mål opp:

200g kveitemjøl.

150 g havregryn.

100 g grovt mjøl.

100 g sammalt grovt mjøl.

50 g linfrø.

50 g kruskakli og havrekli.

1/4 ts salt.

1/4 ts tørrgjær.

3,5 dl rismelk lunka eller 3,5 dl lunka vatn.

Litt olje.

Bland alt sammen og rør inn væska, deigen skal være klissete. Sett til heving over natta eller om morgenen i ca 10 timar. Ha mjøl på eit bakepapir og skrap deiga ut med ein slikkepott. Klapp forsiktig inn mjøl slik at deiga ikkje er klissete og brett deiga 6 gonger. Form til ei lang pølse og legg over på bakepapirkledd steikebrett. Del i passe stykker og form rundstykka i hendene før dei får heve godt 1-2 timar under kjøkkenhåndkle.

Steik rundstykka på 215℃ i 10-15 min. IMAG1205IMAG1203