Nøttebrød

Her i huset har eltefrie brød blitt ein stor favoritt, og sidan heimebaka brød smakar bedre og er sunnare enn kjøpebrød på butikken, bakar vi for det meste sjølve. Eltefrie brød er utruleg enkelt og lettvint, ikkje minst smakar det veldig godt med ferske brød nesten kvar dag. Prøv, eg er sikker på at du også blir hekta 😉

Idag prøvde eg ei ny sjølvlaga brødoppskrift, selvfølgelig melkefri.

Her er oppskrifta på mine brød med hasselnøtter og mandlar:

Ca 60 g hakka hasselnøtter og mandlar.

40 g kruskakli

150 g fibra fullkorns kveitemjøl.

350 g kveitemjøl.

1/4 ts salt.

1/4 ts tørrgjær.

2 dl rismelk lunka.

2 dl vatn lunka, eller 4 dl lunka vatn.

Bland alt samman og tilsett rismelka og vatnet, rør inn til klissete deig og sett til heving over natta, ca 13 timar. Skrap ut deiga på et bakepapir med kveitemjøl, ha mjøl på slik at deiga ikkje er så klissete. Brett / vend deiga og legg den med bretten ned i ei vanlig brødform , hev den i ca 2 timar under kjøkkenhåndkle. Steik brødet på 220-225 ℃ i 30 min på nederste rille i stekeovnen.  Avkjøl før du skjer opp brødet.

IMAG1214

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *