Vi prøvde oss på en ny dessert idag. Til desse kan du bruke små runde ildfaste former eller store muffins former. Her er oppskrifta:
1 plate plamil melkefri kokesjokolade
50 g sukker
4 egg
Ei lita klype salt
Melisdryss
Smør fire former med litt olje, og dryss i litt sukker i botnen og kantane av formene. Del sjokoladen i bitar og smelt den i vannbad. Knekk egga og skil plomme og kvite. Rør saman smelta sjokolade, sukker og eggeplommer. Pisk eggekvitene stive saman med litt salt og bland dette i sjokoladerøra med ein slikkepott. Ha røra i formene og steik på nederste rille i ovnen på 200℃ i 12-15 min.
Server suffléen varm 🙂
Til trollkremen treng du:
1 eggekvite
1/2 ts vaniljesukker
75 g sukker
Litt bringebærsylte
Pisk eggekviten, sukker og vaniljesukker til eit tjukt skum, bland i bringebærsylte og server saman med den varme sjokoladesuffléen.