Målet med denne bloggen er å spre vår kunnskap om melkefri mat i ein melkefri kvardag. ( Trykk for meir info)

Å lage mat utan melk, byr på mange utfordringar og krev stadig kreavtive løysingar for å lykkast, men med litt kunnskap og engasjement er det enkelt å få til 🙂

Grunnen til at vi lagar og et melkefritt, er at minste jenta vår på snart 4 år, har melkeproteinallergi. Det gjer at magen hennar ikkje tåler mat med vanleg melk i. Dette fekk ho påvist med lege då ho var rundt 1 år. Det å gå over til å lage mat uten melk var et stort prosjekt syntes vi, og vi må innrømme at vi syntes dette var både vanskelig og litt uoverkommeleg. Det meste av informasjonen har vi henta fram igjennom internett, men å søke å leite etter oppskrifter og melkefrie produkt tek både tid og krefter. I butikken var det for 3 år sidan magert utvalg av produkt også. Vi har kjøpt inn, laga mat, smakt på og testa ut mange ulike melkefrie produkt desse åra. Heldigvis har det blitt større utvalg å velge mellom idag. Sjølv om vi fortsatt ofte opplever at det er tomt på lager og at det tek tid å få inn att i butikkane. Ofte må vi også be om å få bestilt produktet, og vi som er så avhengig av melkefritt skulle gjerne sett at det sto på fast sortiment i alle butikkar i heile landet.

Sidan 2011 har vi laga mat utan melk, og vi har i vår familie, tatt utgangspunkt i å lage maten vår melkefri til alle sammen. Dette er for å gjere matlaginga enklare, då vi slepp å lage to ulike porsjonar, eller ulik mat vi som igjen kan føles urettferdig for ei jente som gjerne vil tåle og ete akkurat det samme som oss andre. Vi som foreldre blir stadig meir engasjert for å få til eit  godt melkefritt resultat. Ved å dele vår kunnskap og oppskrifter her kan vi gjere det lettare for andre å sjå kor enkelt det kan gjerast 🙂

Alle oppskrifter på bloggen er lagt inn av meg Isabell Vatne 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *