Kategoriarkiv: brød og bakst

Nøttebrød

Her i huset har eltefrie brød blitt ein stor favoritt, og sidan heimebaka brød smakar bedre og er sunnare enn kjøpebrød på butikken, bakar vi for det meste sjølve. Eltefrie brød er utruleg enkelt og lettvint, ikkje minst smakar det veldig godt med ferske brød nesten kvar dag. Prøv, eg er sikker på at du også blir hekta 😉

Idag prøvde eg ei ny sjølvlaga brødoppskrift, selvfølgelig melkefri.

Her er oppskrifta på mine brød med hasselnøtter og mandlar:

Ca 60 g hakka hasselnøtter og mandlar.

40 g kruskakli

150 g fibra fullkorns kveitemjøl.

350 g kveitemjøl.

1/4 ts salt.

1/4 ts tørrgjær.

2 dl rismelk lunka.

2 dl vatn lunka, eller 4 dl lunka vatn.

Bland alt samman og tilsett rismelka og vatnet, rør inn til klissete deig og sett til heving over natta, ca 13 timar. Skrap ut deiga på et bakepapir med kveitemjøl, ha mjøl på slik at deiga ikkje er så klissete. Brett / vend deiga og legg den med bretten ned i ei vanlig brødform , hev den i ca 2 timar under kjøkkenhåndkle. Steik brødet på 220-225 ℃ i 30 min på nederste rille i stekeovnen.  Avkjøl før du skjer opp brødet.

IMAG1214

Grove vaffler

I denne oppskrifta kan du bruke akkurat det grove mjølet du vil 😉

3 dl sammalt hvete/grovt speltmjøl.

3 dl dl fint speltmjøl/kveitemjøl.

2 dl havregryn.

1/2 ts salt.

2 ts vaniljesukker

6 dl rismelk.

4 egg

2 ss smelta Soft flora spesial smør

Bland samman mjøl og salt, tilsett halvparten av rismelka . Rør godt til klumpfri røre, før du tilsett resten av melka og egga. La røra stå å svelle minimum 30 min før du steiker.

Du kan også lage røra om kvelden og sette den i kjøleskapet over natta, å steike til frokost eller lunsj neste dag. Held seg i kjøleskapet 2-3 dagar.

Nydelig med nyrørt jordbærsylte på

Eltefrie rundstykker

Sett bakebollen på kjøkkenvekta og mål opp:

200g kveitemjøl.

150 g havregryn.

100 g grovt mjøl.

100 g sammalt grovt mjøl.

50 g linfrø.

50 g kruskakli og havrekli.

1/4 ts salt.

1/4 ts tørrgjær.

3,5 dl rismelk lunka eller 3,5 dl lunka vatn.

Litt olje.

Bland alt sammen og rør inn væska, deigen skal være klissete. Sett til heving over natta eller om morgenen i ca 10 timar. Ha mjøl på eit bakepapir og skrap deiga ut med ein slikkepott. Klapp forsiktig inn mjøl slik at deiga ikkje er klissete og brett deiga 6 gonger. Form til ei lang pølse og legg over på bakepapirkledd steikebrett. Del i passe stykker og form rundstykka i hendene før dei får heve godt 1-2 timar under kjøkkenhåndkle.

Steik rundstykka på 215℃ i 10-15 min. IMAG1205IMAG1203

Eltefritt brød i brødform

200 g grovt mjøl

150 g sammalt grovt mjøl

100 g havregryn

200-250 g kveitemjøl

litt knuste linfrø

1/4 ts salt

174 ts tørrgjær

2 dl rismelk + 2  dl vatn , lunka ( eller 4 dl lunka vatn)

Sett bakebollen på kjøkkenvekta og mål opp, bland deiga  med væsken. skal være klissete. dekk med plast eller lokk og sett til heving over natta. Kan stå 12 – 18 timar, men for best resultat ca 15 timar.

Ha mjøl på eit bakepapir og skrap deiga ut av bakebollen med ein slikkepott. Klapp forsiktig inn mjøl slik at deigen ikkje er klissete, før du bretter/ vender deiga   til du får ei pølse. ( sjekk ut matpaabordet.com sin youtubevideo av «no knead bread» ) Legg deiga med «saumen» ned i ei smurt brødform og sett til heving i 2-4 timar. deiga kan heve i ca 21 timar til sammen. valgfritt om du penslar brødet, like godt uten pensling. Steik brødet i ca 35 min på 215/220 grader nederst i steikeovnen.